Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo (IL i BUL) blei stifta 8. januar 1913. Mosjonsgruppa i BUL er eit tilbod til dei som føler dei ikkje høyrer heilt heime i elitegruppa, men ønskjer å trene med eit litt lågare ambisjonsnivå.
Mosjonsgruppa plar normalt å ha felles intervalltrening to gonger i veka. I vinterhalvåret blir økta køyrd på Bislett, medan ho på sommarhalvåret går føre seg ved Sognsvann. I tillegg har det normalt også vore moglegheit for ein felles langtur laurdag føremiddag.
Trening på eiga hand
Det siste året har det på grunn av smittevern ikkje vore så mange fellestreningar.
– Det har vore ei krevjande tid med alle tiltaka. Ikkje noko fellestrening eller anna sosialt samvære, men heldigvis har dei fleste klart å halde motivasjonen og lysta oppe, og har trent jamt og trutt på eiga hand. Så får vi berre håpe vi får delteke i fleire offisielle løpskonkurransar framover, innleiar Hassan Bouka.
Dei har køyrt omtrent det same treningsprogrammet og intervalløktene som normalt, men har altså måtta trene aleine eller i små grupper.
– Tal og lengde på intervalldraga varierer mykje frå veke til veke, men som standard spring vi langintervall på måndagane og kortintervall på torsdagane. I tillegg plar vi å periodisere ved kvar tredje veke å ta ei litt lettare veke, fortel Bouka.
Stort mangfald
Totalt er det 50–60 medlemmer i mosjonsgruppa til BUL, med ei aldersspreiing frå 17 år til godt opp i 50-åra.
– Nytt i år er at vi har fått ein del nye, unge og lovande jenter med ambisjonar. Det blir spennande å følgje dei vidare. Det er mykje positivt som skjer i norsk friidrett, og det er mange som viser eit godt potensial, meiner han.
Hassan Bouka publiserer treningsprogrammet for veka på Facebook slik at utøvarane kan følgje programmet om dei ikkje har tid eller høve til å delta på fellestreninga.
– Eg plar å seie at det er eit forslag til treningsprogram, men ikkje noko ein nødvendigvis må følgje slavisk, kommenterer Bouka.
Sjølv om det er hyggeleg og sosialt å trene saman med andre, er ikkje ein som spring avhengig av andre for å få trent. Og det er jo nettopp dette som er så fint med ein individuell, enkel og lite utstyrskrevjande idrett som løping.
Sjølv kjem likevel Hassan Bouka opphavleg frå ein lagidrett, for det var fotball han dreiv med i heimlandet Marokko, og det var fotball han fortsette med då han i 1984 flytta til Noreg.
– Sjølv om eg sprang ein del då eg var liten og gjekk på skulen i Marokko, var det fotball eg dreiv med då eg flytta til Noreg. Men eg blei så mykje skada at eg etter kvart måtte kutte ut fotballen. I 1991 begynte eg i staden å springe litt meir aktivt. Den gong for KFUM, forklarar den opphavlege marokkanaren.
«Tren til Sentrumsløpet»
I 1994 skifta Hassan Bouka klubb til BUL, og det var også i denne perioden han oppnådde sine beste resultat med 8.41 på 3000 m, 31.52 på 10 km og 1.09.43 på halvmaraton.
Etter kvart blei Hassan likevel innhenta av skadar også på løpinga.
– Eg tok då nokre trenarkurs og begynte som trenar i staden, minnest han.
Hassan starta først som fotballtrenar, men tilfeldigheitene gjorde at han seinare blei trenar for løparar.
– For 13–14 år sidan oppretta BUL, som arrangerer Sentrumsløpet, ei løpegruppe dei kalla «Tren til Sentrumsløpet». Dette var eit lågterskeltilbod som var opent for alle som hadde meldt seg på Sentrumsløpet, forklarar Hassan.
Tilbodet blei veldig populært, gruppa vaks seg stor, og det blei raskt behov for ein hjelpetrenar. Hassan, som framleis var i løpsmiljøet som mosjonist, blei spurt om han kunne hjelpe til. Det takka han ja til.
Kvalitet og kvantitet
Då Sentrumsløpet var over, fortsette den populære løpegruppa å eksistere som eit tilbod i BUL. Og Hassan blei trenar i gruppa. Det er eit ansvar han no har hatt i 13 år.
– Kva er dine beste minner frå trenarkarrieren?
– Spesielt høgt set eg opplevingane vi har saman som gruppe. Då tenkjer eg spesielt på fleire sigrar og pallplassar i Holmenkollstafetten med mosjonist-/mikslaget. Somme av dei beste i mosjonsgruppa er dessutan gode nok til å vere med på BUL sitt elitelag i Holmenkollstafetten. Vi har også fleire år på rad vunne veteranklassen for herrar i Fjellhamarstafetten, smiler Hassan Bouka.
– Kva vil du seie er hovudinnhaldet i treningsfilosofien din?
– Treningsfilosofi er ikkje nødvendig og viktig på vårt nivå. Vi har ikkje dette som jobb, men som hobby. Trening er altså noko vi føretrekk å gjere i fritida. Alle har jobb eller skule, familie og barn, seier han før han utdjupar:
– Men treninga bør ha ein god kombinasjon av kvalitet og kvantitet med ei blanding av roleg langkøyring, langintervall, kortintervall, styrke og noko teknikk. Samt kvile og restitusjon. Altså mest mogleg variasjon. Treningsprinsippa vi følgjer har vore typisk trening for BUL heilt sidan 1980-tallet, og både mosjonist- og elitegruppa følgjer i utgangspunktet dei same prinsippa.
– Treninga skal samstundes vere lystvekkjande, for det er viktig med trivsel og å ha det gøy. Tenk folkehelse og finn ein balanse mellom alle gjeremål, konkluderer han.
Flaut sakte
Hassan Bouka fortel at han er mest inspirert av løpeskulen frå Etiopia, men han kjenner også til løpeskulane frå Kenya, Marokko og Europa.
– Er du også inspirert av treninga til marokkanarane Khalid Skah og Abderrahim Goumri som i sine aktive år på 1990-tallet og byrjinga av 2000 sprang for BUL og var blant verdas beste løparar?
– Eg trur nok heller at treningsfilosofien stammar frå Johan Kaggestad og perioden han var trenar for Ingrid Kristiansen. Det var nok også mykje av den treninga Skah og Goumri køyrte i si tid. Eg sprang ein del saman med Skah, og det som var spesielt for treninga hans, var at han sprang overraskande, nesten flaut, sakte på langturane. Etter mi mening spring mange mosjonistar, men også aktive, altfor fort på langturane sine. Eg kunne også fint springe ein times roleg langtur samen med Goumri, men det hadde eg ikkje klart med for eksempel Marius Bakken som i same periode var den beste løparen i Noreg. Men det er sjølvsagt veldig individuelt kva slags trening som passar til ulike typar løparar.
– Er det trenaren som gjer utøvaren god eller utøvaren som gjer trenaren god?
– Det gode samarbeidet gir det beste resultatet. Det er veldig enkelt, men samstundes også veldig vanskeleg. Det er viktig å ha god kjemi og ha det bra saman. Dette gjeld ikkje berre på trening, men også i arbeidslivet eller på skulen. På skulen hadde eg ein lærar som eg hadde spesielt god kjemi med. Det auka interessa mi, og eg blei meir motivert til å stå på for å gjere det bra. Eg opplevde også det motsette – med ein lærar som mislikte meg. Det gjorde at eg blei redd og gløymte det eg hadde pugga heime. Personleg kjemi har derfor veldig mykje å seie, og det er dette som skaper trivsel. Og når du først trivst, vil du gjerne yte det vesle ekstra som gjer at du kjem vidare.
– Kor viktig er talent kontra trening? Går det an å lage gull av gråstein?
– Begge deler er viktig. Skal ein bli best i verda, må ein ha begge deler. Men ein «gråstein» kan også bli veldig god med riktig og hardt arbeid over tid. Men på vårt mosjonistnivå er det eit godt miljø og trivsel som er viktigast. Det er faktisk heilt avgjerande, konkluderer BUL-trenar Hassan Bouka.