Dyrking av ville nyttevekstar?
FRØSANKING

image
Prikkperikum er både medisin- og engblom. Likar litt kalk. Foto: Béatrice Bieuville.

Dyrking av ville nyttevekstar?

I desse dagar byrjar butikkane å fylle på med frøposar i butikkhyllene. Medan vinteren er på sitt beste, er det tid for å så, slik at små spirer kan dra nytte av vårsola så snart det er varmt nok. Kanskje har du kjøpt nokre og byrja å planlegge grønsakåkeren? Kanskje har du allereie sådd chili eller tomatar? Men kva med ramslauk eller laukurt? Dyrking av ville vekstar er ein gamal teknikk som sankar-forfedrane våre brukte før utviklinga av landbruket. Proto-bøndene byrja med å hjelpe nyttevekstane der dei veks naturleg, og tok dei etterkvart med seg heim og gjorde urter, grønsaker og ikkje minst korn av dei.1
Tekst: Guttorm Flatabø og Béatrice Bieuville, Plantemangfald AS

Alle urter og grønsaker me dyrkar i dag, har opphav i ville nyttevekstar. Nokre, slik som kålen Brassica cretica, er blitt så kultiverte at dei har blitt til den nye arten Brassica oleracea, som er det latinske namnet bak ikkje berre hovudkål og raudkål, men grønkål, blomkål, brokkoli, knutekål og rosenkål med fleire.2 Me kunne godt seia oss fornøgde med grønsaksutvalet som landbruk har utvikla gjennom tidene. Men me sankare vil vel, av fleire grunnar, ha meir enn det. Skulle me då ta eit skritt tilbake for å imitere forfedrane våre og dyrka det ville igjen?

Kvifor dyrke ville planter?

Halve gleda med ville nyttevekstar er turen for å finne dei, sankinga sjølv. For oss er smaken, utsjånaden, næringa og variasjonen dei gjev i matvegen minst like viktig. Medan kulturvekstar er utvikla spesielt for å vekse fort, gje stor avling og ha mild smak, så har dei ville vekstane andre fordelar. Dei er svært godt tilpassa klima og jordsmonn der dei veks vilt, dei er som regel godt motstandsdyktige mot insekt og sjukdom, storparten er fleirårige og kan klara seg sjølv, og av den grunn har dei har omfattande røter som bind, og tilfører karbon frå atmosfæren til jorda. Smaken kjenner de frå naturen, den er som regel best om våren, og blir beiskare og med meir fiber til lenger utover i året ein kjem. Ernæringsmessig får ein som regel mykje gode næringsstoff og vitamin som ein elles kan ha for lite av i kosten, inkludert mineral, ulike kostfiber, antioksidantar og polyfenolar. Ville nyttevekstar gjev deg meir mangfald både i hagen og i matvegen.

Det er ikkje berre matvekstar ein kan ta heim til hagen, også blomsterenga, som har blitt populær for å ta vare på pollinerande insekt, fortener ein plass i hagen, saman med andre vakre ville blomar frå norsk natur. På den måten kan ein også ta vare på trua artar, og ein kan hauste frå sin eigen hage i staden for å hauste frå sårbare bestandar i naturen.

I hagen kan mangfald vere nyttig for å avgrense utbreiing av plantesjukdomar og skadedyr. Vern av ville planter som slektar på dagens matvekstar blir faktisk brukt i utvikling av nye kulturvekstsortar og forsking på matvaretryggleik. Desse ville plantene blir då kalla «ville matplanteslektningar» («crop wild relatives»). Eigenskapar frå ville planter kan brukast i utviklinga av nye sortar for at dei skal takle spesifikke miljøforhold, takle sjukdomar og skadedyr, eller virke på korleis plantene veks.3 Dette kan gjerast med tradisjonell sortsutvikling eller med genmanipulering. I alle tilfelle er ein avhengig av at dei ville plantene finst, og ikkje er utrydda. Ville planter som du kanskje kjenner til i denne kategorien er markjordbær, alperips, strandkjeks og ramslauk.

Kva ville planter?

Kva for nokon ville planter du skal satse på, vil avhenge av kva du er interessert i og ynskjer frå plantene. Vil du ha krydder, medisin, mat, pryd? Ta vare på sjeldne/raudlista artar, ville matplanteslektningar? Eller vil du ha noko som kan ta vare på seg sjølv? Eit anna spørsmål er kvar og korleis du skal få tak i plantene, og korleis du vil formeire dei. Det enklaste kan vere å hauste frø, men å grave opp ei lita plante kan også gå bra. Ein må vera varsam med å grava opp ville plantar, og fyrst forsikra seg om at planta ikkje er freda og at ho ikkje veks i eit verna naturområde det er det gjeld eigne reglar. Å hauste frø er oftast den mest skånsame metoden. Dei fleste planter lagar så mykje frø at det er nok til både deg, meg og svoltne fuglar og insekt. For å vere på den sikre sida er det nok best å halde seg til ⅓ av frøa frå ei plante eller bestand.

Døme på planter som kan fungere bra som mat i hagen er engsmelle (Silene vulgaris), smørbukk (Hylotelephium maximum), kvitbergknapp (Sedum album), strandlauk (Allium vineale), sibirgraslauk (Allium schoenoprasum), moskuskattost (Malva moschata), hundekjeks (Anthriscus sylvestris), strandkjeks (Ligusticum scothicum), skogsalat (Mycelis muralis), geitrams (Chamaenerion angustifolium), ryllik (Achillea millefolium), strandrug (Leymus arenarius), haremat (Lapsana communis), rosenrot (Rhodiola rosea), hassel (Corylus avellana), turt (Cicerbita alpina) og karve (Carum carvi).

Engsmelle er kanskje noko av det enklaste og beste du kan byrja med. Den produserer svært mykje frø, som er enkle å hausta, og som spirer lett. Engsmelle blir i Italia seld som grønsaka «stridolo» som mellom anna blir brukt i risotto. Unge blad om våren er milde og fine etter eit kort opphald i steikepanna med olje og litt salt. Ver varsam med å bruke planta utan varmebehandling.

Strandkjeks er ein fleirårig vill slektning av selleri og løpstikke, og har ein sterk smak som liknar på desse, med sterkt marint innslag. Sjølv om den i vill tilstand berre veks i strandkanten, er den også lett å dyrke heime i hagen, toler mykje, og har blitt brukt som grønsak.

Smørbukk, kvitbergknapp og rosenrot er sukkulentar som likar solrike stader og som kan takle tørke og magre veksestader. Smaken kan vere varierande og beisk, så her er det unge blad i den våtare perioden av året som bør haustast. Både rosenrot og smørbukk kan fermenterast og rosenrot er som kjent «Nordens ginseng».

Skogsalat er ein fleirårig salat som helst ser ut som eit ugras, og klarer seg bra i skuggen i småskog og skogkantar. Unge blad er relativt beiske, og du har nok ein relativt kort periode på å hauste frøa som det er mange av, men fordelen med den er at den likar seg i skuggen. Haremat liknar på sett og vis i oppførsel, smak og utsjånad, men er toårig, og spirer svært tidleg på våren. Turt kan bli så beisk at mjølka frå kyr som har ete den blir kasta, men den er også svært tidleg, og turten toler veldig godt kaldt klima.

Strandkjeks både veks og overvintrar godt i potte. Foto: Béatrice Bieuville.
Unge blad av engsmelle. Ein glimrande bladgrønsak om våren. I Italia skal du få kjøpt henne som stridolo. Foto: Béatrice Bieuville.
Skogstorkenebb gjev fine blomar i eng, men frøa blir kasta så snart dei er modne og må såast kort tid etter sanking. Her ein sjeldan variant med bleik blomefarge. Foto: Guttorm Flatabø.

Kvitbergknapp er ein vakker sukkulent. Det er blada som er etande. Foto: Béatrice Bieuville.

Korleis dyrke ville planter?

Å dyrke ville planter er ikkje vesentleg ulikt dyrking av kulturplanter. Dei treng ljos, varme, vatn og vern mot skadedyr og sjukdomar slik som kulturplanter. Nokre forskjellar kan me nok like fullt finna, og dermed også gje nokre tips om korleis dei kan handterast.

Dei fleste frø treng fuktigheit og varme for å spira, men mange, særleg ville planter, treng det som på fagspråket blir kalla «stratifisering ». Stratifisering er å utsette frøa for fuktigheit og kulde i ein periode. I realiteten er dette ei slags simulering av miljøet om vinteren som frøa normalt ville vorte utsett for i naturen. Utan ein slik periode er det mange frø som nesten ikkje spirer i det heile teke.

Kort oppsummert så er ofte beste måten å få frø frå ville planter til å spire påå prøve å simulere forholda i naturen. Nokre frø, som kvann og storkenebb er det ikkje nok å stratifisere, dei må såast nesten med ein gong dei er modne, for å spire om våren. For å simulere naturen kan du så i brett eller potter ute, seint på hausten når vinteren er i ferd med å legge plantene i dvale. Det vil seie i oktober–desember ein gong når gjennomsnittstemperaturen er i ferd med å passere 0 ℃, og vinden er ferdig med å blåse rundt på lauv og flygande frø. Frøa skal ikkje spire om hausten, dei skal bli våte, fryse, tina litt, fryse att, og få same behandling om våren.

Pottene og bretta set du på bakken ein stad der dei blir utsette for vêr, men ikkje for mykje vind eller uttørkande sol. Det bør vere på ein flat stad som jorda du sår i kan trekke opp fuktigheit frå. I tillegg er det viktig å beskytte frøa mot gnagarar og fugl. Gnagarar er det vanskeleg å ha kontroll på utandørs, men fuglane kan haldast vekke med hønsenetting. Om bretta blir plassert i ein pallekarm, eller ei enkel heimesnekra ramme så kan du ha netting oppå ramma. Det er viktig at bretta ikkje tørkar ut om våren i perioden når spiringa skjer, altså når frosten blir sjeldan om natta, og dagtemperaturen er over 5 ℃ over lengre tid. På denne tida kan du som regel også ta frøbretta inn i veksthus og behandla dei meir som vanlege spirer av kulturplanter, berre pass på å ikkje gje for brå endring i vekstvilkår, eller for høg varme (20+ ℃).


Engsmelle er lett å hauste frø av og enkel å få til å spire. Om du er veldig heldig finn du frø om våren. Foto: Béatrice Bieuville.

For å få god spiring bør du ha ei luftig jord med litt næring. Næringa må vere ferdigkompostert, og det vil vere enklast å bruke steril jord. Det tryggaste er å bruke same såjord som for kulturplanter. I naturen vil frøa som regel hamne oppå jorda om hausten, der den blir dekt av eit tynt lag av komposterande materiale som lauv. Dette kan simulerast ved å sleppe frøa oppå jorda, trykke dei lett ned, og dekke med 1–5 mm jord (avhengig av type frø). For å unngå uttørking og fremje spiring kan topplaget med jord erstattast med eit lag med perlitt, som også kan brukast for å gjere jorda luftig.

Etter at spirene har blitt til småplanter bør dei priklast om i potter med meir næringsrik jord. Dersom du har sådd i litt større plugg (ca. 1 dl volum) kan du også late dei gro seg store i pluggen og plante dei direkte ut etter 1–3 md. etter spiring. Når du plantar ut så skal du igjen prøve å simulere miljøet planta kjem frå. Det vil seie at til dømes strandkjeks godt kan gjødslast med tang og tare, bør stå solrikt, godt drenert og vatnast jamleg. Fleire ville vekstar er lite konkurransedyktige og bør vere planta i ugjødsla jord (t.d. stemorsblome) medan andre kan klare seg i rik jord (t.d. karve). Boka Ville vekster for hager og grøntanlegg av Ingvild Austad m.fl., frå 2017, tek for seg mange fleire artar og er nyttig om du er meir interessert i ville planter i hagen.


Oppsummert

  • Så i brett eller potte ute om hausten/vinteren.
  • Bruk steril såjord med næring, dekk med perlite.
  • Beskytt mot fuglar med t.d. hønsenetting.
  • Pass opp for uttørking om våren.
  • Simuler vekstforholda når du plantar ut.

Om du vil simulere «dyrkingsteknikken» i naturen, så er truleg den som liknar mest «no till farming» der næring blir tilført i form av komposterande materiale, kompost eller husdyrgjødsel oppå bakken.

1. Bob Holmes, «The Real First Farmers: How Agriculture Was a Global Invention», New Scientist, 28. oktober 2015, https://www.newscientist.com/article/mg22830450-700-the-realfirst-farmers-how-agriculture-was-a-global-invention.
2. Wikipedia contributors, «Brassica Oleracea», i Wikipedia, 18. januar 2023, https://en.wikipedia.org/w/index.php?title=Brassica_oleracea&oldid=1134467500; Makenzie E Mabry mfl., «The Evolutionary History of Wild, Domesticated, and Feral Brassica oleracea (Brassicaceae)», Molecular Biology and Evolution 38, nr. 10 (1. oktober 2021): 4419–34, https://doi.org/10.1093/molbev/msab183.
3. Heli Fitzgerald mfl., «A Regional Approach to Nordic Crop Wild Relative in Situ Conservation Planning», Plant Genetic Resources 17, nr. 2 (april 2019): 196–207, https://doi.org/10.1017/S147926211800059X.

Også strandsmelle er ein god bladgrønsak, men med maritim smak. Foto: Guttorm Flatabø.
Pluggbrett dekka med perlite i ein lang pallekarm oppå bakken dekt med papp. Pallekarmen er opp ned for lett å kunne feste hønsenetting i hjørna. Foto: Guttorm Flatabø.